Tre kjappe "toppar"

Runde rundt Stavanger

02.06.2010
Var på tur i Stavanger-området, og nytta sjangsen til å samla nokre toppar. Gps-en med forhåndsplotta punkt streika etter tredje toppen, så fekk ikkje tatt alle "småtoppane" i området.

Signalhaugen i Randaberg 75m - Parkerte ved skogsveg (kunne sikkert kjørt vidare på denne) i Randeberggeilen. 5 minutters gange innover og opp på ein haug. Utsikt over havna.

Tinghaug i Klepp 102m - Den "menneskelaga" toppen Tinghaug ligg midt mellom Klepp og Bryne. Merka som turistattraksjon, og ikkje så vanskelig å finna. Du kan køyre meir eller mindre til topps.


Ullandhaug i Stavanger (139m) ligg like utanfor sentrum. Fulgte skilting opp til tv-tårnet, og spaserte opp bakken frå parkeringsplassen.

(Kommunetoppar 7, 8 og 9 av 430)