Mehammarsåto 749 moh



04.11.2009
Kald og forblåst tur til toppen av Stord

Tok av fra E39, køyrde forbi Fjellgardane og parkerte bilen ved bommen (Heio). Turen starta med god stigning i "steinlagd" sti før eg kom opp på flata. Då var det slakt og fint resten av turen mot toppen. Eg ser eg valgte ein lang veg, men slapp unna mykje stigning. Brukte nokså lang tid på det siste stykket, der eg omtrent måtte gå på alle fire til toppen. Det blåste opp mot stiv kuling og temperaturen låg rundt 0 grader (vassflaska vart full i isbitar og batteriet i fotoapparatet streika)

På toppen blåste det slik at eg ikkje fekk skrive meg i noko bok. Var redd vinden skulle fara med meg i eit av vindkasta. Fekk eit par fine bileter på turen ned, før kameraet streika. Brukte vel 2 timar opp, og nesten det same tilbake.

Fitjar fekk stå i fred denne gongen...

(Hugs å ta ein kikk på kartet. Stiane går på kryss og tvers over heile fjellet)



(Kommunetopp 4 av 430)

Siggjo 474 moh

(bileta vart litt dårleg grunna surt og kaldt ver)

25.10.2009
Skumringstur til kommunetoppen på Bømlo!


Starta litt seint på ettermiddagen og heldt på å bli overraska av mørket.
Var sleipt og kronglete sti etter skogsvegen, men det gjekk forholdsvis greit.

Hugs at du skal ta til høgre når du kjem frå stien og skal på skogsvegen på veg opp. Om du vel å følgja vegen heilt til endes, vert det nokre meter lengre, men besto betre underlag. Gjorde denne erfaringa på veg ned :)

Møtte ein god del turgåera som var på veg ned. Tydeleg ein populær topp, sjølv om temperaturen var nede i 4 grader og mørket ikkje var langt unna. Nista tok eg i bilen, var for surt og kaldt.

Brukte rundt 1,5 time tur/retur.





(Kommunetopp 3 av 430)



Klauv 246 moh


18.10.2009
Fin sundagstur til kommunetoppen i Haugesund!

Gjekk frå denne trafoen alle snakkar om. Var lett å finna stien (som ikkje er merka). Ganske blautt og gjørmete, sjølv om det ikkje har regna noko særleg.

Etter knapt ein halvtime kom eg opp til ein rasert varde som eg rekna med var toppen. Hadde særs god utsikt over Haugalandet.

Lite folk på denne turen, så eg åt nista mi og tok turen heimatt. Gløymde klokka, men tippar rundt ein 45 minutt totalt.




(Kommunetopp 2 av 430)


Trollvassnibba 432 moh




15.10.2009
Tåkete tur på min første kommunetopp i Sveio

I min iver etter å byrja på mitt kommunetopprosjekt, starta eg med den som var nærast. Hadde nokre dager fri fra jobben, så fann ut at eg ville nytta litt av tida til noko fornuftig. Då altså dette!

Eg køyrde til skogsvegen nesten ute ved Tittelsnes Tturen opp besto stort sett av traktorveg (2/4), sti/blautmyr (1/4) og hardt berg (1/4). Stien er merka med hundrevis av vardar, så å finna vegen var ikkje akkurat noko problem.

Brukte vel 1 time effektiv gange opp. Planla alle dei fine bileta eg skulle ta, blant anna verftet på Stord og Trekantsambandet. Men då eg nådde toppen var det blitt tjukk skodde. Åt nista og gjekk ned når skodda hadde letta såpass at eg kunne sjå noko.





(min kommunetopp 1 av 430)