Rundtur i Stordfjella

17.08.10
Rundtur Heio-Mehammarsåto-Litlasåto-Heio

Litlasåto 676m



Byrja frå parkeringsplassen i Heio, gjekk inn til Mehammarsåto, før eg tippa ned til Litlasåto som var dagens mål. Gjekk nokon krøtterstigar bortover fjellet, men haddet toppvarden i synet heile tida.
I staden for å gå om Mehammarsåto tilbake, valgte eg å spara ein del høgdemeter på å sikta meg inn på stien eit par hundre meter lenger nede. Om eg sparte noko tid er uvisst, men det var vel verdt å sleppa den stigninga att

Brukte vel 6 timar på denne rundturen.

(kommunetopp 12 av 430) 

Sein søndagstur til Gråhorjo 741m

15.08.10
Gjekk seint om ettermiddagen opp til den utgåtte kommunetoppen i Ølen (no Vindafjord)

Bratt opp lia frå Bruravegen (?), men slakt og fint utover mot toppen. Hadde sol heile vegen, samt utsikt over "halve Sunnhordland"

Brukte vel ein time opp og knapt ein time ned.


Stølsheimen

06.08.10
Stølsvatnet-Solrenningen
Starta frå parkeringsplassen ved Stølsdammen 19-tida. Opplett og fin temperatur for fjelltur.
På vegen inn var det reine motorvegen, med plankar så langt auga kunna sjå. Vi kom fram etter 2,5 time. Litt kjappare enn rekna med.

07.08.10
Solrenningen-Runderabben-Norddalshytten
Starta på formiddagen oppstigninga frå hytta. Oppå platået bar det innover mot Åsabotn. Måtte kryssa nokre snøfonner, men ellers var det godt føre. Like før krysset i Åsabotn tok vi fram Gps'en og peila oss inn på kommunetoppen i Modalen, Runderabben 1292moh, ein avstikkar på rundt 1,5 time. På toppen fann vi bok som vi skreiv namnet i, før vi tusla ned att til stien og sekkane våre.
  Vegen vidare mot Norddalen vart ein lang affere. Vi var blitt opplyst om at turen skulle ta 5-6 timar utan toppen, men stavra over haug etter haug i til saman 9 timar denne dagen. Slitne kom vi til hytta og kunne innta ein betre middag, beståande av meksikansk gryte med kalkunpølser i.

Hege og Roar ved varden på Runderabben


08.08.10
Norddalshytten-Åsabotnen-Stølsvatnet
Var i tvil om kva veg vi skulle gå heim, men kom til at den kortaste ruta var tilbake til Åsabotn og ned til Stølsdammen. Bratt i byrjinga, men tørt og lett terreng etter ein times stigning. Etter dette var det plankekjøring ned til grusvegen og vidare ned til bilen. Etter kring 5 timar sette vi slitne og nøgde kursen tilbake til Bergen og heim.


(Kommunetopp 11 av 430)